Parkeringsløyve for rørslehemma
Eit parkeringskort gir tilgang til parkeringsplassar skilta for rørslehemma.
Med parkeringskort/HC-kort for rørslehemma kan du parkere på:
- parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
- offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning
Kven kan søke
- Du må i søknaden sjølv beskrive di funksjonsevne og dokumentere særleg behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling. Ver merksam på innkjøp, vanskar med å bære, sosiale aktivitetar og praktiske utfordringar gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringsløyve.
- Du må saman med søknad legge ved legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.
- Du kan søke om parkeringsløyve enten som førar eller passasjer. Det kan berre registrerast eitt kort per person.
- Alle vilkår må vere oppfylt før søknaden blir innvilga.
Korleis søke?
Vedlegg som skal følge søknaden
- Foto i passbildestorleik med namnet ditt påskrive på baksida
- Dokumentasjon på regelmessige behov, til dømes stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgjevar
- Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over avstand
- Foto av førarkort (begge sider) dersom du søker som førar av bil
NB: For at søknaden skal bli vurdert må alle vedlegg sendast inn innan fire veker etter innsendt søknad, om ikkje vil saka bli avslutta.
Legeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve (PDF, 2 MB)
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist, søknadane blir behandla fortløpande.
Når får du svar
Det er inntil 4 veker saksbehandlingstid etter at alle vedlegg er mottatt.
Får du avslag, kan du klage. Du finn informasjon om dette i avslagsbrevet.
Tapt parkeringskort
Om kortet blir tapt eller stole, må du melde dette til politiet.
Du må levere kopi av tapsmelding og nytt foto for å få nytt kort.
Ta kontakt for spørsmål.
Kor lenge er kortet gyldig
Kortet er vanlegvis gyldig i 2-5 år.
Informasjon til deg som er tildelt parkeringskort
Spørsmål?
Ta kontakt med servicetorget, post@fjord.kommune.no eller telefon 418 67 800
Publisert 13.02.2025 14.33
Sist endra 22.06.2026 15.48