Middagslevering

Kva tilbyr vi?

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten levert. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka. 

Middag vert levert ut  måndag - fredag. I enkelttilfelle kan det bli innvilga middagslevering også laurdag og søndag. Det vil alltid vere ei individuell vurdering.

Menyen varierer frå veke til veke, og er den same menyen som på sjukeheimen den aktuelle dagen.

Det vert berre levert heile prosjonar.

Kven kan få tilbodet?

Denne tenesta er behovsprøvd. Dei som ønskjer middag levert i heimen må søke om dette gjennom heimetenesta. Formålet med tenesta er å gi eldre og personar med nedsett funksjonsevne høve til å bli buande i sin eigen heim.

Søk om middagslevering

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Prisar

Mattilbod

Mattilbod
TypePris
Middag m/dessert - utkøyrt Kr 136
Fullkost/heildøgnskost/døgnKr 223
Elisabeth Midtbust
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00