Er du eller ein av dine ramma av demens? Hukommelseseteamet tilbyr veiledning, samtalegrupper og kurs, utredning i samarbeid med fastlegen, og kan vere bindeledd mellom personar med demens og hjelpeapparatet.
Kva er demens?
Demens er ei fellesneming for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til hukommelsessvikt, sviktande handlingsevne og språkfunksjon, personlegheitsforandringar og endring av adferd. Problema kan vere samansette, og av praktisk, fysisk, psykisk eller sosial art.
Viss du mistenker at du sjølv, eller en av dine nære, er i ferd med å utvikle demens, ta kontakt med fastlegen - eller med meg som demenskoordinator
Kva kan du få hjelp til?
Hukommelsesteamet
- er tilgjengeleg for personar med demens og deira pårørande
- tilbyr individuelle samtalar, samtalegrupper, pårørendeskule og andre kurs
- kartlegg hjelpebehov og deltek i utredning ilag med fastlege ved mistanke om demenssjukdom
- har oversikt over relevante tilbod og tenester frå kommunen
- tilbyr koordinering av tenester
- har tett samarbeid med ergoterapeut, tildelingskontoret, heimetenesta, sjukeheimane, dagsenter og fastlegane.
- deltek i fagutvikling og veiledar personale som arbeider med personer med demens
Teamet er under oppbygging, og vil bli sett i drift frå 01.01.27.
Ta kontakt med Grete om du har behov for bistand før den tid.
Publisert 16.10.2026 10.57