Kreft er ein sjukdom som kan medføre store endringar i livet. Bekymringar rundt sjukdom, behandling, økonomi og praktiske utfordringar er vanleg. Mange blir friske, men kan ha ein langvarig og krevjande behandlings- og rehabiliteringsprosess. Andre kan ha behov for livsforlengande og symptomlindrande behandling over lengre tid.
Kreftkoordinatoren har oversikt over relevante tilbod og tenester både i og utanfor kommunen, og kan bidra med informasjon, råd og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering og lindring. Tilbodet er gratis, og det er ikkje behov for tilvising frå lege. Pasientar eller pårørande kan ta direkte kontakt. Kreftkoordinatoren har teieplikt.
Kven kan ta kontakt?
• Personar med nyoppdaga kreft
• Personar som har starta aktiv behandling mot kreft
• Personar som er ferdige med behandling og har behov for rehabilitering eller liknande
• Personar som opplever plagsame seinverknader etter avslutta kreftbehandling
• Personar som får lindrande behandling
• Vaksne og barn som er pårørande
Kreftkoordinatoren kan mellom anna:
• Tilby heimebesøk og/eller rettleiing på telefon
• Gje råd, støtte og rettleiing basert på individuelle behov
• Vere bindeledd mellom pasienten og andre hjelpeinstansar i kommunen eller sjukehuset
• Bidra med støttesamtalar
• Gje oversikt over aktuelle tenester og tilbod i kommunen
• Informere om og tilvise til relevante tenester
• Leggje til rette for ein best mogleg kvardag heime for pasientar og pårørande
Kontaktinfo
Cathrine Langhaug Berli, tlf. 418 67 972
Telefontid onsdagar kl 09.00 – 15.00.
Utanom telefontida kan forvaltningskontor formidle kontakt med kreftkoordinator: tlf 418 67 800
Les meir på nettsida til Kreftforeningen - Vi er til for alle rammet av kreft