Søknad om redusert sats for kommunal brøyting
Kommunestyret har vedttatt at det skal leggast til rette for at personar som mottek helse- og omsorgstenester i heimen, eller har nedsett funksjonsevne, kan søke om om redusert sats for privat brøyting etter gjeldande betalingsregulativ for Fjord kommune.
Kven kan søke om redusert sats for brøyting
- Personar som mottek helse- og omsorgstenester der tenesteutøvinga er praktisk retta bistand i heimen med fysisk oppmøte av heimesjukepleie eller heimehjelp.
- Personar som ikkje mottek praktisk retta bistand med oppmøte i heimen, men som har redusert funksjonsevne. Ny legeattest må leggast ved.
Korleis søker du
Steg 1: Søk om brøyting av private vegar på eige skjema (ta kontakt)
Steg 2: Vent på innvilga søknad frå teknisk eining
Steg 3: Send søknad om redusert sats og send inn. Legg ved nødvendig dokumentasjon.
Søk om redusert sats for kommunal brøyting
Publisert 08.01.2025 13.49