Velferdsteknologi

Fjord kommune skal framover arbeid målretta med velferdsteknologi. Her er store utviklingsmulegheiter, og vi er avhengig av å hente ut potensialet som ligg her, for å kunne gi god nok hjelp i framtida. Demografiske utfordringar, spreidd busetting, avgrensa tilgang på kompetansearbeidskraft og dårleg økonomi tvingar fram andre måtar å yte tenester på. 

Dette gjer det nødvendig å tenke nytt og innovativt, både av innbyggarane og av kommunen:

  • Innbyggarane kan sjølv planlegge og leggja til rette for alderdommen. Ved behov blir det søkt om støtte til ombyggingar og tiltak i heimen.  
  • Kommunen skal passe på at dei menneskelege ressursane blir brukt til å gi omsorg, og ikkje til oppgåver som kan gjerast meir effektivt ved hjelp av teknologi og digitale løysingar.   

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av desse teknologiane vil føre til endringar i tenestene til brukarane. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte, der ein tek omsyn til tryggleik, personvern og brukarane sine ønskjer og behov.

Kva er velferdsteknologi

Teknologi er ein naturleg del av folk sin kvardag. Vi brukar kalenderfunksjon på mobilen for å organisere dagane, investerer i klokker for å måle puls og søvn, har robotstøvsugarar og anna teknologi i huset som kan styre lys, varme og mykje meir.

Ordet velferdsteknologi blir brukt om tekniske løysingar som kan vere med på å auke ein person sine evner til å meistre sin eigen kvardag, og bidra til auka tryggleik og livskvalitet. Teknisk utstyr kan varsle om mellom anna fall, brann, vasslekkasje, og om nokon går ut om natta. I tillegg kan ein nytte teknologien til å halde kontakt med vener og familie.

Bruk av velferdsteknologi inneber ei auka satsing på brukarane sine eigne ressursar.

Målet er å skape ein tryggare, enklare og meir sjølvstendig kvardag. Velferdsteknologi er spesielt formålstenleg for personar med kroniske sjukdommar eller funksjonsnedsetting av ulike former.

Kva kan du gjere sjølv

Ofte vil det vere slik at ein oppnår størst utbytte av velferdsteknologisk utstyr når ein tek det i bruk tidleg. Ta difor kontakt med kommunen eller med fastlegen dersom du eller ein av dine pårørande har utfordringar med å meistre kvardagen.

Å tilpasse ein bustad for å gjere den egna til å bu i med tanke på framtidige helseutfordringar er eit viktig tiltak du kan tenke gjennom. 

Kva kan kommunen hjelpe deg med?

Kommunen  gjer ei individuell kartlegging for å finne dei rette tiltaka for deg. Kartlegginga skjer i nært samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande. Velferdsteknologiske tenester blir førstevalet der dette gir tilstrekkeleg hjelp, og fører til  minst mogleg endringar.

Ulike typar teknologiar og hjelpemiddel
  • Tryggleiksskapande teknologiar:
    Gjer at menneske kan føle seg trygge og kan bu heime lenger. Her finn du løysingar som kan motverke einsemd og gi høve til sosial deltaking.
    Til dømes: tryggleiksalarm, GPS for rørslefridom, dørsensor, videokommunikasjon og meir.
  • Meistringsteknologiar: 
    Gjer det mogleg å betre meistre eiga helse. Her finn du teknologiske løysingar til personar med kronisk sjukdom og personar som treng opptrening, rehabilitering og vedlikehald av bevegelse (mobilitet). 
    Til dømes: medisindispensar med varsling. 
  • Helseteknologiar:
    Gjer det mogleg med avansert medisinsk utgreiing og behandling i heimen.
    Til dømes: avstandsoppfølging av kroniske sjukdommar.
  • Velværeteknologiar:
    Bidrar til å støtte opp om daglegdagse gjeremål og til at personen får brukt ressursane sine.
    Til dømes: undervisnings- og treningsprogram, smartklokke, robotstøvsugar, omgivnadkontroll for styring av lys og varme, smarthusløysingar, tv-speltrening med meir.
Velferdsteknologi i Fjord kommune

Det er eit pågåande utviklingsarbeid for å ta i bruk meir velferdsteknologi.

Velferdsteknologi som er i bruk per no:

Nyttige lenker om velferdsteknologi