Utlevering og innlevering av hjelpemiddel

Utlevering av hjelpemiddel

Hente sjølv 

Når hjelpemiddelet kjem til kommunen, kan du hente dette sjølv. Hjelpemiddel vert utlevert ved Stordalstunet i arbeidstida på vekedagane. Kontakt hjelpemiddelteknikar Ingo Woseck på tlf. 418 67 911 for å avtale henting når du har fått beskjed om at hjelpemiddelet er klart til henting. 

Utkøyring og montering av hjelpemiddel 

Viss du ikkje kan hente hjelpemiddelet sjølv, eller hjelpemiddelet krev montering, vil ein hjelpemiddelteknikar levere og montere det heime hos deg. Det vil bli gjort avtale om tidspunkt for levering.

Innlevering av hjelpemiddel

Når du ikke lenger har behov for eit hjelpemiddel, skal det leverast tilbake. 

Levere sjølv 

Du kan sjølv levere tilbake hjelpemiddelet til Hjelpemiddelforvaltningen i kommunen, som held til på Stordalstunet. Ring hjelpemiddelteknikar og avtal levering. 

Hentast av hjelpemiddeltekniker 

Viss hjelpemiddelet er vanskeleg å få med seg, eller må demonterast vil hjelpemiddelforvaltninga koordinere henting for deg. Ring hjelpemiddelteknikar og avtal henting. 

Behandlingshjelpemiddel

Behandlingshjelpemiddel skal leverast tilbake til Regional eining for behandlingshjelpemiddel ved St. Olavs når det ikkje er bruk for det lenger. Kommunen har ikkje ansvar for dette.  

Les mer om behandlingshjelpemidler

Ingo Woseck
Hjelpemiddelteknikar
E-post
Telefon 41 86 79 11
Gry Bente Stranden
Ergoterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 57