Eige vedlikehald og feilmeldingar

Du kan sjølv, eller ved hjelp av pårørande, utføre enklare vedlikehald av hjelpemiddeø. Be oss om rettleiing dersom du treng det. Vi anbefalar at du har ein plan for kva du kan gjere om noko går i stykker - som for eksempel å ha ekstra slangar til rullestolen. 

Eige vedlikehald av hjelpemiddel

Vask

Hjelpemiddelet må reingjerast regelmessig. Det er viktig at alle bevegelege delar er reingjort, spesielt hjul og bremser. Fjern alt av hår (spesielt rundt hjula) og matrestar. Putetrekk bør takast av og vaskast i vaskemaskina regelmessig. Ikkje bruk høgtrykkspylar.

Smøring av deler 

Etter vask og rengjering må alle bevegelege delar som hjulakslar, bremser og fotstøtter smørast med olje.

Etterstramming av skruar 

Det er viktig å gå over hjelpemiddelet regelmessig og etterstramme skruar og mutterar som kan vere lause. Dersom dette vert gjort regelmessig, unngår ein at hjelpemiddelet blir øydelagt og gjer at sikkerheita di blir ivaretatt.

Luft i dekk 

Kontroller at det er nok luft i dekka (i f.eks. sykkelhjul og manuelle rullestolar). På rullestolar som er i dagleg bruk, er det anbefalt vekentleg etterfylling av luft.

Lading av batteri 

Hjelpemiddel med batteri må ladast regelmessig. Hjelpemiddelet må også ladast i feriar og i lengre perioder uten at det er i bruk. Stort sett alle batteri blir øydelagt viss dei står for lenge utan å bli lad. Når batterier er fullada, trekker ikkje ladaren straum.

Hjelpemiddel - vanlege feil og feilmeldingar

Flexilink (varslingssystem for dørklokke, telefon og brann.

Sjekk om det er behov for batteribytte. Systemet varslar som oftast om dette. Ved gjentatt varsling etter at du har åpna døra eller svart på telefonen, er det som regel batteribytte. Bruk 9V litiumbatteri. 

Døropningsautomatikk
  • Sjekk at straumen er tilkopla. 
  • Sjekk at knappen/knappane (som regel plassert på sida) står i rett posisjon. 
  • Sjekk at det ikkje ligg steinar i døråpninga. 
Elektrisk rullestol
  • Slå alltid av og på stolen når du har prøvd å utbedre ein feil. 
  • Sjekk at setet ikkje står i for høg posisjon. Det kan hindre stolen sine funksjonar. 
  • Sjekk at ikkje stolen står frikopla (at motoren er fråkopla). 
  • Ta ut ladaren frå støpselet i veggen, og sett den inn igjen ein gong i månaden. 
  • Les bruksanvisninga og sørg for gode laderutinar (ladast alltid når den ikkje er i bruk). 
Trappeheis og løfteplattform
  • Sjekk om heisa er tilkopla straum 
  • Sjekk automatsikring i sikringsskap 
  • Sjekk nødstopp-knapp 
  • Sjekk at heisa er køyrt heilt frem til ladepunktet 
  • Sjekk batteri i fjernkontroll
  • Sjekk at det er isfritt under løfteplattform
Trykkavlastande madrass
  • Ved lite luft i madrassa – sjekk CPR-utløysaren, ventilane og slangane. 
  • Høyr etter ulyd i pumpa (viss madrassen har pumpe). 

Ved trykkavlastande, luftfylte puter: 

  • Sjekk ventil. 
  • Luft må fyllast i puten med jamne mellomrom. Bruk medfølgande pumpe. 
Syklar
  • Slitedelar til syklar, som dekk, slangar, pedalar, bremser o.l. vert ikkje dekt av NAV Hjelpemiddelsentral. Dette må du kjøpe sjølv, og sørge vedlikehald, eller eventuelt bruke ein sykkelverkstad. 
  • Spesialdelar til syklar kan dekkast via NAV Hjelpemiddelsentral. Kontakt hjelpemiddelforvaltninga i kommunen for hjelp til reparasjon. 
  • NAV Hjelpemiddelsentral har ansvar for motor og elektronikk.