Følgjekort (ledsagerbevis)

Søk om følgjekort dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel. Med eit følgjekort kan du ta med deg ein følgjeperson utan ekstra kostnadar der ordninga er akseptert. Du må betale for deg sjølv på vanleg måte. Kortet er personleg og du kan få det i kortform eller digitalt.

Kven kan få følgjekort?

  • Du kan søke om følgekort dersom du har nedsett funksjonsevne og treng å ha med følge i samband med transport og kultur- og fritidsaktivitetar.
  • Følgjekortet blir tildelt uavhengig av søkar sin økonomi eller livssituasjon.
  • Det er ikkje øvre eller nedre aldersgrense for kortet.

Korleis bruke følgjekortet?

  • Det er berre følgjepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgjekortet betalar for seg sjølv. 
  • Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong.
  • Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ønskjer å gi. 

Kvar kan du nytte følgjekortet?

Følgekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast  alle stadar, må du sjølv undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.

I Fjord
  • Valldal aktivitetspark (Følgjeperson får redusert pris)

 

oppdatert oversikt kjem

I Ålesundsområdet
  • Arbeideren
  • Atlanterhavsparken
  • Barnas lekeland
  • Brattvåg kino
  • Bybadet Ålesund 
  • Epic AktivPark
  • Escape room
  • Fiskerimuseet
  • Gomerhuset
  • Håp i havet 
  • ID-huset
  • Jugendstilsenteret og KUBE
  • Løvenvold kino
  • Middelaldermuseet
  • Moa svømmehall
  • Odeon kino
  • Parken kulturhus
  • Sportsparken Vegsund
  • Sunnmøre museum
  • Terminalen byscene
  • T2 Ålesund
  • Ørskogfjell skisenter
  • Ørskog kino
  • Aalesunds FK – heimekamp: Følgjekort er akseptert, mot at den som eig kortet har billett. Følgjepersonen (ledsager) kjem då gratis inn. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett til følgjepersonen 
    gjennom nettsida. Dette må gjerast i billettluka, eller ved å sende ein e-post til billett@aafk.no
Familie- og aktivitetsparkar i Norge
  • Atlanterhavsparken
  • Bjørneparken
  • Bø Sommarland 
  • Bybadet i Ålesund
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Epic Aktiv Park, Digerneset 
  • Hunderfossen (har og «Først i køen»-bevis)
  • Kongeparken
  • Langedrag (Halv pris til ledsager)
  • Lilleputthammer (kun ein følgjeperson får gratis inngang)
  • Namsskogan Familiepark
  • Polaria i Tromsø
  • Tusenfryd
  • Valldal aktivitetspark (Følgjeperson får redusert pris)
  • Ørskogfjellet skisenter

Kva kostar det?

Følgjekortet er gratis. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgjekort vert akseptert. 

Søk om følgjekort

Søk om følgjekort (ledsagerbevis)

Følgjekortet kan vere i kortform (papir) eller digitalt.

Vedlegg til søknaden

  • Eit bilete i JPG-format av nyare dato og god kvalitet.
  • Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Lenker

Retningsliner for følgjekort - Helsenorge

Informasjon om følgjekort og nedlasting av appen

Formål

Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten. 

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00
Hilde Christin Rognsø Furstrand
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00