Privat bustad med kommunal tildeling/tilvising

Treng du ein bustad som er tilrettelagt for helsebehov eller alderdom? Nokre private bustadar i Fjord blir tildelt gjennom kommunen og kan vere eit godt alternativ for deg som ønsker å bu trygt og sjølvstendig. 

Kva er ein privat bustad med kommunal tildeling? 

Dette er private bustadar som kommunen har avtale om å tilvise til. Det betyr at du søker gjennom kommunen, og kommunen vurderer om du oppfyller krava for å få tildelt bustad. 

Bustadane er spesielt godt eigna for: 

  • eldre og seniorar
  • personar med nedsett funksjonsevne 
  • einslege med forsørgaransvar for barn med samansette behov

Kven kan søke?

For å kunne få tildelt bustad må du oppfylle eitt eller fleire av desse kriteria: 

  • Du bur eller oppheld deg i Fjord kommune
  • Du har moderat funksjonssvikt, og bustaden kan bidra til å førebygge ytterlegare svikt
  • Du har behov for helse- og omsorgstenester av varig karakter
  • Du har behov for tilrettelagt bustad i eit førebyggande perspektiv 
  • Du er einsleg med forsørgaransvar for barn med samansette behov

Vilkår for tildeling av bustad i Fjord kommune (PDF, 116 kB)

Slik søker du

Søknad om leige av bustad med kommunal tildeling

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med oss for rettleiing i søknadsprosessen eller for å få meir informasjon om bustadane og kriterium for tildeling. 

Om bustadane

Bustadane som inngår i ordninga ligg i Stordal. 

utandørs, plen, veg, kvitt hus - Klikk for stort bileteSandvikgata 18

Sandvikgata 18 i Stordal

Bustaden ligg i sentrum og er nyrenovert i 2025. 
Bustaden har 2 leilegheiter over to plan med 2 soverom (61 m2). Innvendig og utvendig trapp, ikkje livsløpsstandard. 
Leigepris kr 9 300 per månad.
(vi har ikkje prospekt på disse bustadane)

Utandørs, nybygg, bustadblokk, gras, veg - Klikk for stort bileteNyvolltunet

Nyvolltunet i Stordal

Bustaden ligg nært Stordalstunet og skule (1.-10. klasse).
4 leilegheiter i nybygg med livløpstandard. 2 soverom og alt på eitt plan (80m2). 
Leigepris kr 12 000 per månad.

Prospekt for Nyvolltunet (PDF, 10 MB)
 

Sindre Søvik Erstad
Kommunalsjef helse og omsorg
Telefon 95 85 59 60