Kommunal bustad

Kommunal bustad er eit tilbod for den som står utan eigna bustad, og ikkje klarer å skaffe bustad på eiga hand. Tilbodet er mellombels, og målet er at ein etter kvart skal finne varig bustad sjølv. 

Kva er ein kommunal bustad? 

Ein kommunal bustad er ein mellombels leigebustad som kommunen leiger ut til personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dette kan verre fordi du: 

  • står utan bustad
  • har låg inntekt eller ingen formue 
  • ikkje får hjelp gjennom andre offentlege ordningar

Du kan søkje om å leiga kommunal bustad om du ikkje klarer å skaffa eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp. Oppfyller du krava, vert prioritert og det er ledig bustad, vil ein få tilbod om leige av kommunal bustad. Venteliste kan forekomme ved manglande kapasitet. Kommunale bustader er av ulik storleik og standard.

Leigeavtalen varer som hovudregel i inntil tre år, og du må sjølv jobbe aktivt for å finne ein varig bustad i denne perioden. 

Kven kan søke?

Du kan søkje om kommunal bustad dersom du: 

  • har lovleg opphald i Norge
  • som hovudregel har budd i Fjord kommune det siste året 
  • manglar eigna bustad, eller står i fare for å miste bustaden din 
  • ikkje har økonomiske moglegheiter til å skaffe bustad sjølv 
  • er villig til å ta imot hjelp for å meistre bustadsituasjonen 

Slik søker du

Søk om bustad på dette skjemaet.

Vedlegg til søknaden

Det er viktig at du legg ved desse vedlegga til søknaden:

  • Siste skattemelding
  • Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)
  • Helsedokumentasjon om du søkjer på grunnlag av helse.

Kommunale leigetakarar kan søkje om statleg bustønad på Husbanken sine sider.

Seie opp kommunal bustad

Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet.