Redusert foreldrebetaling

Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har lav inntekt.  Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.

Det er litt ulike reglar for ordningane, du kan lese meir om den enkelte ordninga i oversikta under

Redusert foreldrebetaling

Redusert foreldrebetaling i barnehage

Frå 1. januar 2020 vil alle barn som bur i hushaldningar  med samla årsinntekt under 574 750 kroner har rett til redusert foreldrebetaling.

Vedtaket gjeld for eit barnehageår

Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar. 

Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.

Gratis kjernetid i barnehage

Familiar eller hushaldningar med samla personinntekt under 566 100 kroner kan søke om fritak for betaling 20 timer per veke. Ordninga gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn som har utsett skulestart.

Vedtaket gjeld for eit barnehageår.

Søknaden gjeld for maksimalt eitt barnehageår om gangen. Søknad om reduksjon gjeld for både private og kommunale barnehagar. 

Ordninga blir ikkje gitt med tilbakeverkande kraft.

Redusert foreldrebetaling SFO

Ordninga gjeld for elevar på 1.-2. årstrinn i kommunal SFO. For skuleåret 2020/21 er inntektsgrensene slik det gjeng fram av tabellen under.

Inntektsgrense
Type plass Inntektsgrense
Heil plass 568 700
15 timar i veka 438 350
10 timar i veka 338 250

Søknaden gjeld for maksimalt eit skuleår om gangen. Eit skuleår startar i august. 

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. årstrinn

Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Desse barna skal ha eit utbytte av å gå i SFO ut over 4.trinn.

Plassering og innhald

Barn med særskilte behov har ikkje rett til spesialundervisning i SFO fordi SFO ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, kapittel 5 i opplæringslova gjeld berre for grunnskuleopplæring.

Kven gjeld ordninga for

Fjord kommune ønsker å sikre at barn med nedsett funksjonsevne har gode oppvekstvilkår.

Barn med særskilte behov i SFO er i Fjord definert som:

  • Svært sjuke born
  • Born som treng ekstra stell og særleg tilsyn
  • Born med store åtferdsavvik

Krav til dokumentasjon

  • Legeerklæring
  • Uttale frå PPT i forhold til åtferdsavvik, ikkje lærevanskar
  • Uttale frå BUP

Lovar og reglar

Opplæringslova § 13 - 7
Forskrift om miljørettet helsevern i barnhager og skoler m.v.

Inntekt

Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushaldning" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.

Sjølvmelding skal leggast ved som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker. 

Slik søker du

Fyll ut elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 01. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehageår tek til i august. Etter søknadsfristen bli søknadane behandla fortløpande.

Klage

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke. 

Bjørn Inge Ruset
Kommunedirektør
E-post
Telefon 92 64 19 26