Praktisk informasjon

Praktisk informasjon

Eidsdal skule har sfo før og etter skuletid fire dagar i veka + samarbeid med Dalsbygda barnehage onsdagane og partalstorsdagane (1. klasse).

Lokalitetar

Eidsdal skule har tilbod om SFO for elevane i 1. - 4. klasse. Opphaldsstad er "nyavdelinga", dvs. same området som 1. og 2. klasse brukar til vanleg. Dette tilbodet er måndag, tysdag, torsdag og fredag. Onsdagane og partalstorsdagane har vi eit samarbeid med Dalsbygda barnehage, slik at dei som har behov for heildagsplassar den dagen, kan vere der.

Opningstider

Måndag, tirsdag, torsdag (oddetal) og fredag Kl. 07.00 - kl. 08.30 og kl. 14.05 - kl. 16.30
Onsdag og torsdag (partal) Kl. 07.00 - kl. 16.30

 

Betaling mat og drikke

Betaling for mat og drikke er ikkje inkludert i SFO betalinga og kjem i tillegg ein gong pr. halvår.

Kjøp av ekstra timar

Det er mogleg å kjøpe ekstra dagar/timar utanom fast plass dersom SFO har ledig kapasitet. Dette må avtalast på førehand. Det er ikkje mogleg å byte dagar. For barn som til vanleg ikkje nyttar SFO kan ein kjøpe dagar/timar etter avtale.

Tor Petersen
Rektor Eidsdal skule
E-post
Telefon 418 67 861

Adresse

Langereiten 25

6215 Eidsdal