Mat og måltid

Til frokost har barna med eiga matpakke. Dei får mjølk i barnehagen.

Til lunsj serverer vi brødmåltid og mjølk. Dei dagane det er turdag har barna med si eiga matpakke.

Vi har varmlunsj ein gong i veka.

Når barn har bursdag feirer vi det. Det er mange bursdagar gjennom eit år, så vi har lagt oss på ei sunn feiring.  Barnet kan då velge mellom smoothie, smoothie-is, fruktspyd og grove vaflar.