Mobilt pass- og ID-kontor våren 2026
Det er ledige timar for å bestille pass og ID-kort på det mobile kontoret som kjem til Valldal 26. - 27. februar.
Pass og nasjonalt ID-kort
Politiet
Mobilt pass og ID-kontor
Politiet har eit mobilt pass- og ID-kontor i ein bil ("passbussen") som køyrer mellom ulike stoppestader i heile landet. Kontoret har utstyr for å bestille nytt pass og nasjonalt ID-kort. Det er to slike bilar i Norge, og Valldal er ein av stoppestadane på køyreruta.
Bestill time
Om du vil benytte deg av tilbodet må du bestille deg time til passbussen hos politiet. Det er ikkje høve til drop-in timar. Samtykke frå føresette som gjeld passs til barn kan gjerast utan avtalt time.
All generell informasjon om pass-søknader og samtykke finn du på på politiet si nettside.
Bestill time til pass og ID-kort hos politiet.no
Om du ikkje finn ledige timar så følg med på bestillingssida om det dukkar opp noko som blir ledig som resultat av avbestillingar.
Tid og stad
Det mobile kontoret blir ståande på nedsida av rådhuset til desse tidene våren 2026:
Torsdag 26. februar kl. 08.00 - 16.00.
Fredag 27. februar kl. 08.00 - 12.00.
Publisert 08.12.2025 09.35
Sist endra 08.12.2025 09.35