Fjord kommune har eigedomsskatt på verk og bruk. Utskriven eigedomsskatt utgjer 7 promille av takstgrunnlaget.
Eigedomsskatteåret 2025
For eigedomsskatteåret 2025 skal Fjord kommune skrive ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 bokstav c, det vil sei « berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum ». Utskrivingsalternativet omfattar også flytande oppdrettsanlegg, jf. eigedomsskattelova § 4 tredje ledd. Jamfør vedtak i kommunestyret 19/12 2024.
Utskriven eigedomsskatt utgjer 7 promille av takstgrunnlaget. Eigedomsskattelista vert lagt ut til høyring i 6 veker kvart år. Frist for utskriving av eigedomsskatt er 1. mars. Klagefrist er 6 veker etter utsendt skattesetel.
Sakkunnig nemnd for taksering har følgjande medlemmer
Jarle Hauge, leiar
Bjørn Relling, medlem
Marit Elisabeth Døving, medlem
Klagenemnda for eigedomsskatt har følgjande medlemmer
Oddbjørn Nilsen, leiar
Mette N. Valdal, nestleiar
Kjell Arne Valldal, medlem
Publisert 22.12.2020 14.53
Sist endra 21.02.2025 16.02