Digihjelp

Datamaskin, mobiltelefon og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester og for anna i samfunnet – finn du fram? Treng du støtte for å kome i gang? Ta kontakt med biblioteket så hjelper vi deg.

Nytt digitalt utstyr?

  • Skal du kjøpe mobil, nettbrett eller PC, men er usikker på kva som er lurt?
  • Har du kjøpt utstyr, men får ikkje heilt til å ta det i bruk?
  • Har du spørsmål om smått og stort knytt til data?
  • Stikk innom biblioteket og spør eller ta kontakt med ei av dei to lokallaga i Seniornett
  • Vi vidareformidlar kontakt for meir rettleiing ut frå behov.

Velkomen til Seniornett

For dei som ikkje er vant med å bruke digitalt utstyr kan terskelen vere litt høg for å kome i gang, og mange spørsmål dukkar opp. Fjord kommune har saman med frivillige og Seniornett gått saman for å legge til rette slik at nye brukarar kan kome seg ut på «nettet». 

Seniornett Valldal

Annankvar måndag klokka 10.30-12.30. Vel møtt!

Du er velkomen til å møte opp utan påmelding. Men om du ønskjer informasjon om tema i forkant av kvar samling kan du melde deg på ved å sende ein e-post til frivillig@fjord.kommune.no eller ring frivilligsentralen på tlf 41867806. Skriv om du vil ha informasjonen på messenger eller som SMS.

Tema vert fastsett etter ønskje og behov. I innkallinga til neste møte vil det gå fram kva tema som gjeld. Det vert brukt materiell frå Seniornett sentralt. 
Lenke til Seniornett Valldal si nettside.

Det er Magne Krogh og Kjell Rønning som står for rettleiinga på samlingane. I tillegg til samlingane kan det bli lagt til rette for rettleiing i grupper eller enkeltvis.

Deltakarar frå alle bygdene i kommunen er velkomne!

Vi har PC tilgjengeleg både på biblioteket og servicetorget på rådhuset. Det beste er likevel om du tek med eige utstyr og får hjelp til å bruke det.

Seniornett Stordal

Velkomen til oppstart torsdag 23. januar klokka 13-15

Møtet er ope for alle seniorar (55+) som har lyst til å bli tryggare i bruk av digitale verktøy og tenester. Seniornett Stordal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. 

Ta gjerne med det digitale utstyret du brukar mest, slik at vi kan skaffe oss oversikt over behov, nivå og muligheiter. 

Stordal Frivilligsentral har vaffeldag på torsdagar, så det blir høve til å kjøpe seg vafler og kaffi. Absolutt ingen skal føle at dei kan for lite til å delta! Vel møtt!

Lenke til Seniornett lokalforening Stordal si nettside 

Vi ønskjer å lære deg grunnleggande databruk i kvardagen – og alt er gratis. Vel møtt!

Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06