Rådet for personar med funksjonsnedsetting
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha eit råd eller ei anna representasjonsordning for personar med funksjonsnedsetting.
Rådet for personar med funksjonsnedsetting 2023-2027
| Leiar | Jostein Dalen | Brukarrepresentant |
| Nestleiar | Alv Ivar Eliassen | Politisk valt |
| Medlem | Ingrid Løset | Brukarrepresentant |
| Medlem | Anna Margrethe Drægebø Moe | Brukarrepresentant |
| Medlem | Elin Tafjord Skoge | Politisk valt |
| Medlem | Stig Eivind Meisal | Politisk valt |
| | | |
| Varamedlem | Annette Langdal | Politisk valt |
| Varamedlem 1 | Ivar Normann Heggen | Brukarrepresentant |
| Varamedlem 2 | Svein Vidar Normann | Brukarrepresentant |
Meir om arbeidet
Reglement for rådet for personar med funksjonsnedsetting (RFUN) i Fjord
6.1 Val og samansetting
a) Rådet skal ha 5 faste medlemar og varamedlemar. To medlemar skal vere politisk valde frå kommunestyret, og 3 medlemar skal være representantar for personar med funksjonsnedsetting. Brukarorganisasjonane har rett til å kome med forslag på medlemar og varamedlemar.
b) Rådet vel sjølv leiar og nestleiar blant medlemane.
c) Rådet si funksjonstid følgjer den kommunale valperioden
6.2 Føremål
a) Rådet er eit lovpålagt organ og er omtala i kommunelova § 5-12 og Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom (forskrift om medvirkningsordninger). Rådet skal arbeide etter prinsippet om full deltaking og likestilling for personar med funksjonsnedsetting i samfunnet.
b) Rådet skal vere eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting sine behov og interesser. Rådet ligg utanfor den kommunale nemndstrukturen.
6.3 Møte
a) Rådet skal ha møte etter fast oppsett møteplan.
b) Rådet kan gjere vedtak når minst to tredeler av medlemane er til stades.
c) Rådet skal gis tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Sekretær har ansvar for innkalling, møtebok og tilrettelegging av møterom.
6.4 Møtebok
a) Rådet skal føre møtebok. Møteboka skal minimum innehalde opplysningar om:
1. tid og stad for møtet
2. kven som møtte
3. kven som meldte forfall
4. kven som møtte som vara
5. dei sakene som blei behandla
6. forslag som vart fremma og forslag som vart trekt
7. kva avgjerder som blei gjort og røystetal
b) Kjem nokon til, eller går nokon frå under møtet, skal dette førast inn slik at møteboka viser kven som har vore med i kvar sak.
c) Alle forslag det er votert over, resultat av avrøystinga, og dei vedtaka som er gjort skal førast inn i protokollen.
d) Ein representant som ynskjer protokolltilførsel etter at vedtaket er gjort, må fremje dette skriftleg. Utvalet kan ved særlege høve avvise ein protokolltilførsel med vanleg fleirtal.
e) Møteboka blir publisert på kommunen sine heimesider og godkjent på neste møte.
6.5 Arbeidsområde
Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting sine behov og interesser, og skal behandle alle saker som gjeld dei.
Det skal etablerast rutinar som sikrar at rådet mottar sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga, at uttale frå rådet har mulegheit til å påverke utfallet av saka. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.
Sekretariatet skal halde rådet underretta om saker innan heile det kommunale feltet som gjeld personar med funksjonsnedsetting. Saker som er av interesse for rådet, skal sendast i tide til uttale før sakene går til behandling i politiske organ.
Dei kommunale einingane samarbeider med rådet om saker dei har, eller skal ha til behandling, og som er av interesse for personar med funksjonsnedsetting. Rådet kan be saksbehandlar eller andre greie ut om saker som rådet føler behov for å få betre belyst og utdjupa.
Rådet har møte- og talerett i kommunestyret.
6.6 Arbeidsoppgåver
Råd for personar med funksjonsnedsetting sine arbeidsoppgåver kan m.a. vere:
a) Årsbudsjett og økonomiplan
b) Kommuneplan
c) Tiltak og planar i barnehage-, skule, og helse- og omsorgssektoren
d) Idretts- og kulturtiltak
e) Bustadutbygging og reguleringsplanar, med spesiell vekt på planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova
f) Saker om samferdsel og infrastruktur/kommunikasjon Rådet bør ha særleg merksemd retta mot å sikre universell utforming og arbeide mot diskriminering av personar med funksjonsnedsetting.
6.7 Årsmelding
RFUN utarbeider kvart år ei melding om sitt arbeid til kommunestyret innan 01.03.
Publisert 11.02.2025 14.27
Sist endra 08.07.2026 12.35