Fjord kommune

Digital deltaking for eldre

Aldersvenleg Fjord

Fjord kommune er med i ei nasjonal pilot satsing som skal hjelpe fleire eldre til å bruke digitale tenester i kvardagen. 
Pilotprosjektet skal hjelpe fleire eldre å bli trygge digitale brukarar, og blir leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg, i samarbeid med utvalde kommunar i Møre og Romsdal. 

Målet er å teste enkle praktiske tilbod som kan gi eldre meir tryggleik, meistring og sjølvstende digitalt. 
I prosjektet blir dei tre tiltaka under prøvd ut. Tiltaka skal gjere det lettare for å få hjelp på ein måte som passar den enkelte. Nokre treng opplæring heime, andre ønskjer å lære saman med andre, medan nokre vil prøve seg fram sjølve med lånt utstyr. 

Pilotperioden varer i minst seks månader. Undervegs skal kommunane samle erfaringar og vurdere kva som fungerer godt. Kunnskapen skal brukast til å utvikle gode og varige tilbod, både lokalt og nasjonalt. Målet er at fleire eldre skal kunne delta i det digitale samfunnet på ein trygg og sjølvstendig måte.