Vil du vere lærling hos oss?

Fjord kommune har stadig behov for fagutdanna arbeidskraft for å yte tenester til våre innbyggarar. Vi prioriterer lærlingplassar til fagområde som har det største behovet:

  • Helsefagarbeider
  • Barne- og ungdomsarbeider

Du er uansett fagområde velkomen til å ta kontakt og høyre om mulegheitene for å få lærlingplass i kommunen.

Du har stor sjanse til å få fast jobb i kommunen etter endt læretid og oppnådd fagbrev.

Lærlingplass i Fjord kommune gir deg:

  • Løn under utdanning
  • Relevant fagopplæring
  • Verdifull arbeidserfaring
  • Erfarne rettleiarar
  • Erfaring frå ulike arbeidsplassar
  • Mulegheit for lån/stipend i Statens lånekasse
  • Mulegheit for fast stilling etter oppnådd fagbrev

Ta kontakt med personalsjef for ein uformell prat.

Marius Moe
Personalsjef
E-post
Telefon 47 66 03 46