Sletting av studielån

Bor du i Fjord kommune og er i arbeid, kan du etter eit år få sletta 25.000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner.

Kven gjeld det for?

Fjord kommune er definert som ein distriktskommune med sentralitetsnivå 6 – ein av 189 kommunar som vert omfatta av ordninga for sletting av studiegjeld.

Kven kan få sletta?

  • Innbyggjarar i Fjord kommune som har vore folkeregistrert der i minst 12 månader.
  • Du må vere yrkesaktiv (jobb eller aktivt jobbsøkande) i same periode (må ikkje arbeide i Fjord kommune).
  • Gjeld frå utdanning, inkludert vidaregåande, fagbrev og høgare utdanning.

Kor mykje sletting kan du få?

  • 25 000 kr per år.
  • Inga grense for kor mange år du kan få sletta – ordninga gir sletting årleg så lenge vilkåra er oppfylte.

Slik går du fram

  1. Bekreft at du har vore folkeregistrert og yrkesaktiv i minst 12 månader 
  2. Søknaden skjer via Lånekassen:
    1. Gå til seksjonen «Sletting av gjeld i utvalde kommunar» på lånekassen.no.
    2. Logg inn og dokumenter botid og yrke.
  3. Det er viktig å søke innan tre månader etter utløp av 12 månaders perioden.
    1. Frist for dei som starta oppteninga frå 1. januar 2025 er 31. mars 2026.
  4. Ved godkjenning vert 25 000 kr sletta seinast frå januar året etter kvalifiseringsåret.
     

Ekstra ordningar

  • Andre slettingsordningar i Lånekassen kan kombinerast:
    • Lærarar kan få sletta mellom 51 000 og 106 000 kr etter 3 år.
    • Uføre, dei med betalingsproblem og ved dødsfall har eigne ordningar.

 

Les meir på Lånekassa sine nettsider og på Regjeringa sine nettsider