Fjord kommune har om lag 2 500 innbyggjarar fordlet på sju bygder og eit areal på 1.191 km2.
Gjennom kommunen går Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger. Langs denne strekninga finn du spektakulære arkitektoniske installasjonar som til dømes Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei særeigne naturkvalitetane gjer at delar av kommunen både er ein del av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv i tillegg til fire naturreservat og fleire landskapsvernområde. Klimaet gir godt grunnlag for reiseliv og helse, og mange kjem til området på grunn av aktivitetstilbodet, mellom anna å padle, stå på ski, sykle, gå på tur, rafte eller klatre. Det mektige fjord- og fjellandskapet gjer at aktivitetstilboda er mange og mangfaldige. Kommunen består av fleire mindre bygder og kvar bygd har sine spesialitetar og attraksjonar å by på.
Bur du i Fjord kommune, bor du landleg til med i store uterom, men du bor og sentralt. Det er kort veg til Ålesund og heller ikkje langt til Molde.
Det er gode kommunale tenester, med barnehagar, skular og sjukeheimar i tre av bygdene.
Ei rekkje lag- og organisasjonar legg til rette for eit variert og godt fritidstilbod innan kultur og idrett.
Det er gode anlegg for alpint og langrenn og fleire stadionar for fotball og friidrett, symjeanlegg og to fullskala idrettshallar med kultursalar.
Er du glad i friluftsliv finns det eit meir variert og godt tilbod frå sjø til fjell – gjennom alle årstider.
Fjord har eit variert næringsliv med landbruk, bærproduksjon, industribedrifter, Muritunet, kraftproduksjon, oppdrett og anna.
Opplevfjord.no - bli kjent med lokalsamfunnet vårt
