Kort oppsummering av spørreundersøking om korleis ein ønsker at Fjord kommune skal utvikle seg

I perioden 19. – 26. oktober 2020 vart det gjennomført ei spørreundersøking om korleis ein ønsker at Fjord kommune skal utvikle seg. Målgruppa var ungdom, unge vaksne og vaksne. 339 svarte på heile eller deler av undersøkinga. Fordelinga mellom dei ulike aldersgruppene som har svart, er 68 (20 %) mellom 13-16 år, 47 (14%) mellom 17-25 år, og 223 (66%) er 26 år eller eldre. 

Kva du likar med Fjord kommune i dag?? 

På spørsmål om kva du likar med Fjord kommune i dag, er det mange svar som tar for seg naturen, nærleiken og tryggleiken ved Fjord kommune. Det at her  er fin og lett tilgjengeleg natur, er viktig for mange som har svart. At alt er nært og trygt og at  mange kjenner kvarandre,  er det også ein del som nemner. Elles  trekkjer mange fram gode fritidstilbod og gode kommunale tenester. Godt samhald og sosiale aktivitetar i grendene vert nemnt av ein del. Kort veg mellom kommunen sine tilsette og innbyggarane vert sett pris på.  

Kva likar du ikkje med Fjord kommune i dag?? 

På dette spørsmålet nemner mange  at dei er bekymra for at det blir færre innbyggarar, og at her  ikkje er nok attraktive arbeidsplassar for ungdom. Ein konsekvens av dette  kan vere at ungdom som har flytta ut for å ta utdanning, ikkje kjem attende til kommunen for å busette seg. Ein del skriv at det er for dårleg kommunal sørvis, og at det er interne konfliktar i kommunen mellom dei ulike bygdene. Andre er opptatt av at det er for dårlege kommunikasjon mellom dei ulike delane av kommunen. Her   skriv fleire om behovet for betre vegar og bru over fjorden. Dårlege kommunikasjonar gjer at folk frå ulike delar av kommunen ikkje møtest så lett.  Det kjem fram litt ulikt syn på kommunesamanslåings-prosessen. Nokre meiner at kommunen burde ha slått seg saman med Stranda kommune, andre meiner Ålesund kommune. 

Korleis vil du at Fjord kommune skal vere i framtida? 

Det siste spørsmålet var korleis vil du at Fjord kommune skal vere i framtida? Også her er mange respondentar opptekne av at må  skapast nye og spannande arbeidsplassar, slik at kommunen får tilflytting både frå utflytta ungdom og andre som ynskjer å busette seg i kommunen. Folk ynskjer seg  ein kommune der mykje skjer, der kommunen lyttar til innbyggjarane, der det er gode møteplassar for folk i alle aldrar - og der ein jobbar aktivt for å skape fellesskap og samhald for den nye kommunen. For at kommunen skal ha livets rett, må det vere aktivitet, liv og røre i bygdene. Ein ting som fleire også her trekker fram,  er at det må vere gode moglegheiter for å kome seg mellom dei ulike delane av kommunen.