Møter med pensjonistlaga

På nyåret har ordførar Eva invitert seg sjølv på besøk til alle pensjonistlaga i kommunen. Det er strålande å oppleve kor aktive desse laga er.

Gruppe med folk rundt mange bord - Klikk for stort bilete
Gruppe med folk rundt mange bord - Klikk for stort bilete
Gruppe med folk rundt mange bord - Klikk for stort bilete

Eva sitt tema var Samfunnsdelen av kommuneplanen. Som andre distriktskommunar står også Fjord kommune overfor store utfordringar knytt til nedgang i folketal, endra alderssamansetjing, og vi ser at det framover kan bli krevjande å rekruttere nok arbeidskraft til omsorgsyrka. Dette er utviklingstrekk som vil forsterke seg i åra som kjem, og som må takast omsyn til når vi utarbeider planar i kommunen.

Skal vi greie å halde ved like dei gode lokalsamfunna våre og gjere det trygt og godt å bu her, må kommune, næringsliv og frivillige samarbeide godt.

Trivsel for alle

Alle aldersgrupper vart inviterte til å kome med innspel til samfunnsplanen, og no har vi mellom anna sett på korleis pensjonistane sine innspel viser igjen i den ferdige planen. Under eitt av huvudmåla: «Vidareutvikle det gode livet», finn vi mykje som er viktig for denne aldersgruppa. No framover må vi finne gode måtar å skape innhald i dei fine formuleringane. Då spelar dei frivillige ei svært viktig rolle.

Gode møteplassar for sosial hygge er eit behov mange kjenner på, ikkje minst dei som bur åleine. Her spelar pensjonistlaga med sin aktivitet ei viktig rolle. For skal det bli gode møteplassar, trengst det både nokon som tar initiativ, folk som støttar opp under - og folk må møte opp.

Det er oppskrifta på trivsel!

Takk til pensjonistlaga for alt de steller i stand.