Frivilligfeiring!

Feiring av frivilligheita sitt år 2022 - Klikk for stort bileteFeiring av frivilligheita sitt år 2022

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid. I Fjord vart dagen markert med middag for representantar frå dei frivillige organisasjonane.

Fjord kommune inviterte representantar for frivillige lag og organisasjonar til feiring på Blåtind Boutique Hotel måndag 5. desember. 
32 personar takka ja og møtte fram - og til saman representerte dei minst 20 ulike organisasjonar/tiltak som vart nemnt, truleg endå fleire!

Vi takkar Sparebanken Møre for støtte til gjennomføring av arrangementet.

Tusen takk for at du er frivillig!

Ordføraren innleia med å sende ein stor takk for den frivillige innsatsen som vert lagt ned til beste for kvarandre og bygdene våre. Ho understreka kor viktig dette arbeidet er både for kommunen som organisasjon og for at vi skal ha levande lokalsamfunn i kommunen vår også i framtida. 

Framtida i Fjord

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart presentert. Kommuneplanen er Fjord kommune sitt overordna styringsdokument, og denne viser veg for utviklinga av kommunen fram til 2033.

Her finn du lenke til kommuneplanen og kortversjon av planen. Der finn du også anna informasjon knytt til dette arbeidet.
 

Frivilligfeiring på Blåtind 5.12.22 - Klikk for stort bileteFrivilligfeiring på Blåtind. 5.12.22
Frivilligfeiring på Blåtind 05.12.22 - Klikk for stort bileteFrivilligfeiring på Blåtind 05.12.22

Nettportalen OpplevFjord

Nettportalen Opplevfjord med facebook-side og instagramprofil vart også presentert. Her treng vi ha meir informasjon om dei fleire av dei frivillige laga i kommunen.
Send innspel og bilde til frivillig@fjord.kommune.no

Ny kulturplan

Kulturplan for Fjord kommune er under utarbeiding, der frivilligheit er eitt tema. Vi treng innspel til planarbeidet, og det kom fram ønskjer frå dei frivllige om både fysiske møtepunkt og digital informasjon. Vi vi kome tilbake med oppfølging av dette arbeidet vinteren 2023.

Frivilligheita sitt år 2022

Frivilligåret 2022 går mot slutten. Vi har fått feira mykje, også i Fjord kommun. Eitt av høgdepunkta var Den store sykkelturen som gjekk gjennom Fjord 16. juni. Det vart gjort eit tv-opptak av sykkelturen på vår etappe, med to flotte Stordalsdamer som passasjerar. Filmen vart vist på NR TV i samband med ei Extratrekning.
Filmen kan du sjå her.
Bilde frå etappen gjennom Fjord finn du her.

Den store frivilligfesten

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte til stor feiring i Bjørnsonhuset på Molde 4.-5. desember. Representantar frå både frivillige organisasjonar og administrasjonen i kommunen deltok i lag med 170 andre frå dei andre kommunene i fylket. Det vart ei fin og storstilt feiring!

Tusen takk for at du er frivillig - Klikk for stort bileteTusen takk for at du er frivillig