Arbeid med samfunnsdelen i einingane

Einingsleiarane var fredag samla for å sette felles fokus på samfunnsdelen. 

Samfunnsdelen skal vere styrande for tiltak og målsettingar dei komande åra. Einingane er komt godt i gang med å sette dette på dagsorden på personalmøter, og dette skal resultere i at kvar eining utarbeider sitt målbilde for 2023.

Det var også workshop der tema var samhandling og samskaping på tvers og eksternt.