Postliste
Offentleg journal (postliste) er ei oversikt over post til og frå kommunen. Her kan pressa og publikum enkelt følgje med i saker som blir behandla av kommunen og bestille innsyn.
Av omsyn til kvalitetskontroll blir postlista publisert med 2-3 dagars forseinking.
Politiske saker, samt bygge-, dele- og plansaker som ikkje er skjerma i samsvar med offentleglova, kan lesast i fulltekst direkte frå postlista.
Arkivdelar med personleg innhald som til dømes elev og personal, som er ein del av sak-/arkivsystemet, er ikkje med på postlista som er publisert på internett.
Gå til postlista
Innsyn i offentlege dokument
Innsynsrett
Du kan be om se (innsyn) i alle offentlege dokument, journalar og register. Dette blir kalla innsynsrett og er bestemt i Offentleglova.
Hovudregelen er at alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og andre liknande register. Lova inneheld også føresegner om kva som blir rekna som dokument og når eit dokument blir offentleg.
Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
Rettleier til offentleglova (PDF fea regjeringen.no)
Alle saksdokument i kommunen er offentlege viss det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan vere halde unna offentleg innsyn, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar viss informasjonen kan søkjast opp på ein enkel måte.
Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:
- Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ.
- Dokumenter til/frå kontrollutvalet, klagenemnda eller kommunale revisjonen til kommunen.
- Dokumenter til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerdsmakt for saka dokumentet gjeld.
Dokument som ikkje ligg på Innsyn
- Sakshandsaming som skjer i dei ulike fagsystema, kjem ikkje fram i denne innsynsløysinga.
- Pasient- og klientsaker er saksområde som i sin heilskap ikkje blir publisert på internett. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18.
Be om Innsyn
Viss du ønskjer innsyn i ei sak kan du bestille det direkte frå postlista eller sende e-post til post@fjord.kommune.no. Sensitive opplysningar skal ikkje sendast på e-post.
Slik kan du klage på avslag om innsyn
Om ditt krav om innsyn blir avslått, skal kommunen vise til den lovheimelen som avslaget er grunna i. Kommunen skal også opplyse om klagemoglegheit og klagefrist. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (tidlegare kalla Fylkesmannen) er klageinstans, men klaga skal sendast til kommunen.
Du har også klagerett viss du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har fått kravet. Dette blir då rekna som eit avslag.
I samsvar med offentleglova § 32, kan avslaget klagast på innan 3 veker frå avslaget er mottatt.
Klaga skal avgjerast så snart som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.
Du har alltid klagerett over avslag på innsyn
Eventuell klage sendast til Fjord kommune, Postboks 144, 6211 Valldal eller via post@fjord.kommune.no. Vi minner om at sensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er klageinstans.
Slik finn du fram i Innsyn
Slik finn du saker og dokument i vår innsynsløysing:
- Bruk søkefeltet på sida til å søke etter tittel på sak eller dokument.
- Bruk filtreringsfeltet på sida til å velje datakjelde (kommune), dato eller periode.
- Du kan også filtrere på kva type dokument du vil sjå. Inngåande og utgåande dokument er post til og frå kommunen.
- Det er også mogleg å filtrere på kva type sak du vil sjå.
Slik finn du fram i oversikten over politiske møte og saksdokument:
- Du får først ein oversikt over dei kommande møta.
- I søkefeltet på sida kan du søke etter møte, råd eller utval.
- Bruk filtreringsfeltet på sida til å filtrere på det råd og utval du vil ha oversikt over.
- I filtreringsfeltet kan du velje datakjelde (kommune), dato eller periode.
- I oppføringa for eit råd og utval vil du finne både møteinnkalling, saksdokument og ei oversikt over medlemmar. Møteprotokoll blir også lagt i samme mappe.