Takk for engasjement

Takk til alle som tok seg tid til å svare på innbyggarundersøkinga Fjord kommune nyleg gjennomførte.

Alt i alt svarte 918 personar på denne innbyggarundersøkinga. Det er veldig bra! 290 av dei som svarte, var fritidsinnbyggjarar. Vi fekk også svar frå om lag 100 personar som er frå Fjord kommune, men som for tida oppheld seg ein annan stad.

Responsen er så bra at Distriktssenteret, som vi samarbeider med, er interessert i å vite kva vi har gjort for å få så god svarprosent. Dei skal sjølvsagt få vite det, men eg trur av svaret først og fremst ligg i engasjerte innbyggarar og fritidsinnbyggjarar som set pris på kommunen -  og som er opptatt av at kommunen skal utvikle seg vidare i ei god retning.

Engasjerte innbyggjarar er av stor verdi for eit lokalsamfunn og vi har l fått mange gode innspel som vi skal studere nøye. Så vil vi plukke ut dei områda som synest å vere viktigast for innbyggjarane våre og legge det til grunn for planar og politikk vidare.

Så snart vi har fått sett oss betre inn i svara, skal resultat av innbyggarundersøkinga også verte gjort kjent for dykk.

Vi lova at vi skulle trekke ut premiar (lokalmat) til ti personar. Det er no gjort, og vinnarane har fått melding via e-postadresse. Vi gratulerer dei heldige vinnarane og håper premien smakar godt!

Takk for innsatsen så langt!

Med vennleg helsing

Eva Hove, ordførar