Status samfunnsdelen av kommuneplanen

Fjord kommune har starta det viktige arbeidet med å utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen. Ein viktig delplan i dette arbeidet er den planen som skal vise retning når det gjeld korleis vi skal legge til rette for vekst i ulike deler av næringslivet i kommunen  - og sjølvsagt korleis vi skal vere ein attraktiv kommune å starte verksemd i.

Eit tett samarbeid med «den som har skoen på», er viktig for oss. Derfor legg vi opp til ei ganske omfattande involvering av både næringsliv, innbyggjarar og sjølvsagt dei folkevalde. Vi får god hjelp både av Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi har allereie hatt ei enkel spørjeundersøking ute blant innbyggjarane. Der fekk alle som ville svare på spørsmål om kva dei likte og kva dei ikkje likte med Fjord kommune slik det vert opplevd i dag. Det vart også høve til å seie noko om korleis folk ønska kommunen skulle utvikle seg. Deretter hadde kommunestyret og ungdomsrådet ein workshop der desse spørsmåla vart drøfta. Du kan sjå oppsummeringar frå dette arbeidet her. (PDF, 569 kB)

I desse dagar har vi ute ei undersøking blant dei som driv næring i kommunen. Svarfristen er 15. desember.

Over nyttår vil vi gå breitt ut med ei innbyggjarundersøking der både fastbuande og fritidsinnbyggjarar blir bedne om å kome med innspel om kva som er viktig både når det gjeld bustadpolitikk, arbeidsmarknad, fritids- og kulturtilbod – for å nemne noko.

Som næringsdrivande og som innbyggjar er du viktig for oss og vi vil gjerne ha så stor svarprosent som råd er. Det er det som gir oss det beste kunnskapsgrunnlaget!

Følg elles med på heimesidene våre, vi skal prøve å halde deg oppdatert på det som skjer framover!

Med vennleg helsing
Eva Hove, ordførar