Korleis finansiere ein ny bustad

Oppussing eller ombygging vert som hovudregel finansiert via eigne midlar eller lån frå privat bank. Det finst i tillegg nokre støtteordningar.

Startlån

Startlån frå kommunen er ei offentleg låneordning utan øvre aldersgrense.
Ordninga er retta mot personar som over tid har hatt utfordringar med å få lån i vanlege bankar, anten til kjøp av bustad eller til nødvendige tilpassingar av eigen bustad.

Startlån kan vere aktuelt dersom du har behov for ein bustad som er tilpassa funksjons- eller helsemessige behov.
For å få innvilga startlån må du dokumentere at du ikkje får finansiering gjennom privat bank.

Lånet kan òg brukast til konkrete bustadtilpassingar for personar med nedsett funksjonsevne som ønskjer å bli buande i noverande bustad.

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne og behov for å bygge om bustaden for å bli buande? Då kan du søke om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt. Tilskotet kan dekke kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil sei honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.

Lenke til info om låneordning - lag artikkel

Lån fra Husbanken til å oppgradere bustad

Du kan søke om lån frå Husbanken til å oppgradere bustaden din. Hovudregelen er at oppgraderinga skal vere så omfattande at det både reduserer energiforbruk og aukar tilgjengelegheita betrakteleg.

Tilskot i staden for rampe, heis eller løfteplattform

NAV Hjelpemiddelsentralen kan gi tilskot til varig utbetring og tilrettelegging av bustad. Tilskotet erstatttr behovet for midlertidige hjelpemidel som rampe, trappeheis og/eller løfteplattform.

For å få tilskotet, må brukaren oppfylle Folketrygdloven sine vilkår for å få heis og/eller rampe. Oppfyller du krava, kan du få tilskot inntil det hjelpemiddelet opprinneleg hadde kosta.

Nytt tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad

I 2026 kjem ei ny tilskotsordning for deg som vil oppgradere bustaden din for å gjere han meir brukarvenleg.
Husbanken arbeider no med å utvikle ordninga, og søknaden vil etter planen opne sommaren 2026.

Behov for råd og rettleiing?

Ved behov for rettleiing kan du ta kontakt med oss. Aktuelle tema kan vere:

  • Ved behov for rettleiing kan du ta kontakt med oss. Aktuelle tema kan vere:
  • råd og rettleiing på kva som bør utbetrast i bustaden
  • forslag til løysingar som kan gjere bustaden funksjonell
  • informasjon om aktuelle økonomiske støtteordningar
  • rettleie i søknadsprosessar
Are Sveinung Leira
Prosjektleiar HUS
E-post
Telefon 97 41 88 38