Har du lyst til å gjere ein forskjell for eldre i ditt lokalsamfunn?
Vi søkjer frivillige til ei nasjonal satsing som skal styrkje eldre si meistring av ein stadig meir digital kvardag?
Det er hovudsakleg behov for frivillige som, saman med ein kommunalt tilsett, deltek på besøk hjå eldre i deira egen heim, som ein besøksvenn. Det kan og være aktuelt å bidra på sosiale møteplassar, som datastove, for eldre som vil lære saman med andre.
Som frivillig bidreg du først og fremst til å skape sosialt fellesskap og tryggleik gjennom gode samtaler og sosial støtte i samband med opplæringa.
Du som frivillig skal ikkje ha ansvar for sjølve opplæringa i digitale løysningar. Det faglege ansvaret ligg hos den kommunalt tilsette.
Som frivillig kan du til dømes:
- bidra til gode samtalar og ei trygg stemning
- vere med på å motivere og støtte den eldre
- dele informasjon om sosiale aktivitetar, tilbod og møteplassar for eldre i kommunen
Kven kan vere frivillig?
Du treng ikkje å vere ein digital ekspert. Det viktigaste er at du er tolmodig, imøtekomande og har lyst til å bidra til å motvirke utanforskap blant eldre i lokalsamfunnet ditt.
Kvifor bli frivillig?
Som frivillig får du vere med på å prøve ut ei satsing som kan kome mange eldre til gode i framtida. Du bidreg til fellesskap, inkludering og meistring, og gjer ein konkret skilnad for enkeltmenneske i nærmiljøet ditt.
Prøveprosjekt skal etter planen ha oppstart i veke 35 og vare ut 2026.
Les meir om satsinga her: Testar nasjonal satsing for å få fleire digitale eldre - Senter for et aldersvennlig Norge
Har du spørsmål eller ønskjer å vite meir, er du velkommen til å ta kontakt med meg som leiar pilotprosjektet lokalt.