Vil du prøve nettbrett før du kjøper?
No kan du låne nettbrett gratis på biblioteka i Fjord.
Målet med ordninga er å gi fleire seniorar høve til å prøve nettbrett og bli tryggare på digitale tenester i kvardagen.
Du treng ikkje å eige nettbrett frå før. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for deg som er nysgjerrig og ønskjer å lære meir.
Kvifor låne eit nettbrett?
Eit nettbrett kan gjere det enklare å:
- halde kontakt med familie og vener
- lese aviser og finne informasjon
- delta i videosamtalar
- bruke appar og digitale verktøy i kvardagen
Mange opplever at nettbrett er enklare å bruke enn både mobiltelefon og datamaskin.
Kven kan låne?
Ordninga er retta mot seniorar frå 65 år som ønskjer å prøve nettbrett over ein periode før dei eventuelt kjøper sitt eige.
Kor lenge kan eg låne?
Vanleg lånetid er to veker.
Dersom det er ledige nettbrett, kan lånet i enkelte tilfelle forlengast etter avtale.
Kva kostar det?
Det er gratis å låne nettbrett.
Ved første utlån må du inngå ein enkeltståande utlånsavtale.
Meld interesse
Vil du låne nettbrett?
Kom innom skranken på biblioteket i Stordal, Eidsdal eller Valldal.
Vi oppmodar deg til å kombinere utlånet med tilbodet om gratis digital rettleiing. Då får du best mogleg utbyte av nettbrettet.
Du kan og sende ein e-post til: Karoline.Hoydal.Lingaas@fjord.kommune.no
Tilbodet startar opp i veke 35