Få digital hjelp heime hos deg sjølv.
Synest du mobilen, nettbrettet eller datamaskina kan vere vanskeleg å bruke? Eller ønskjer du å lære meir om digitale verktøy?
Fjord kommune tilbyr gratis digital opplæring heime for deg som ønskjer å bli tryggare på digitale tenester i kvardagen. Tilbodet er retta mot seniorar som ønskjer individuell hjelp og rettleiing i eigen heim.
Vi kjem heim til deg og tek utgangspunkt i det du ønskjer å lære. Opplæringa skjer i ditt tempo og på dine premissar.
Du kan til dømes få hjelp til å:
- bruke mobiltelefon, nettbrett eller PC
- sende og lese e-post
- bruke appar og digitale tenester
- finne informasjon på internett
- bruke offentlege tenester
- bli tryggare på digital sikkerheit og svindel
Dette kan vi ikkje hjelpe med:
- bruke BankID for deg
- handtere passord eller PIN-kodar
- utføre betalingar eller nettbanktenester
- reparere utstyr
- gi helsefaglege, juridiske eller økonomiske råd
Kven passar tilbodet for?
Tilbodet passar for deg som:
- ønskjer hjelp til digitale oppgåver i kvardagen
- synest det er lettare å lære heime enn i gruppe
- har behov for roleg og tilpassa rettleiing
Praktisk informasjon
- tilbodet er gratis
- tilbodet startar opp i veke 35 som eit avgrensa pilotprosjekt i første omgang.
Meld interesse
Ønskjer du digital opplæring heime?
Du kan:
Publisert 21.07.2026 11.54
Sist endra 21.07.2026 14.00