Digitale saman

Har du lyst til å bli flinkare digitalt saman med andre? Kom innom din digitale kaffikrok.

Kva er ein digital kaffikrok? 

Den digitale kaffikroken er eit gratis lågterskeltilbod der du kan få hjelp, rettleiing og opplæring i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester. Har du utstyr sjølv - ta det gjerne med. Du treng ikkje ha utstyr sjølv - du kan få låne eit nettbrett med oss.

Tilbodet finn du på:

  • Nærbutikken i Norddal – tysdag i partalsveker kl. 11.00 –13.00 (oppstart 01.09)
  • Nærbutikken i Tafjord- tysdag i oddetalsveker kl. 11.00–13.00 (oppstart 25.08)
  • Eidsdal omsorgsbustad - onsdag kl. 11.00–13.00 i partalsveker (oppstart 02.09)
  • Biblioteket i Valldal - torsdag kl. 11.30-13.30 i partalsveker (oppstart 03.09)
  • Stordal frivilligsentral - torsdag kl.13.00-15.00 i oddetalsveker (oppstart 10.09)
To personar ser på skjerm - Klikk for stort bilete Aldersvennlig Norge

Du kan få hjelp til: 

  • Grunnleggjande bruk av mobil og nettbrett
  • Bruk av appar og digitale tenester (til dømes bruk av helsenorge.no) 
  • Å forstå digitale omgrep og funksjonar 
  • Tryggleik på nett og korleis unngå svindel
  • Å øve og bli tryggare i bruk av teknologi

Korleis fungerer tilbodet? 

  • Du kan møte opp utan påmelding (drop-in) til faste tider
  • Du får hjelp av rettleiar 
  • Du kan delta så mykje eller lite du vil

For å sikre tryggleik og gode rammer kan vi ikkje: 

  • Bruke eller be om BankID, passord eller personlege kodar 
  • Utføre oppgåver på dine vegner (til dømes logge inn og gjennomføre betaling for deg).
  • Gi teknisk service eller reparere utstyr 
  • Ta ansvar for kjøp, abonnement eller økonomiske val. 

Vi kan vise deg korleis du kan gjere det sjølv, men du må sjølv utføre handlingane. 

Kven møter eg der?  

  • Karoline Lingaas som har ansvar for opplæring 
  • Frivillige som bidreg med støtte og sosialt fellesskap
  • Andre som ønskjer å få hjelp, rettleiing og opplæring i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester

Tilbodet passar for deg som: 

  • Aldri har brukt digitale verktøy før
  • Kan litt, men ønskjer å bli tryggare
  • Treng hjelp til konkrete oppgåver

Du kan få digital opplæring heime som eit supplement eller eit alternativ til tilbodet.

Har du behov for transport til og frå samlinga? 

Det er mogleg å få gratis skyss. 
Ta kontakt med Karoline seinast dagen før dersom du ønskjer transport. 
Mobil: 418 67 825
E-post: Karoline.Hoydal.Lingaas@fjord.kommune.

Karoline Høydal Lingaas
Prosjektleiar - fleire digitale eldre

 

Person smiler mot kamera - Klikk for stort bilete Aldersvennlig Norge