Digitale ressursar

Du finn opplæring og informasjon om ulike tema ved å følgje lenkene i boksane nedanfor.

Digitale tenester

Digitale tenester kan vera nyttige verktøy i kvardagen. Dei kan hjelpe deg med å betale rekningar, halde kontakt med familie og vener, finne informasjon eller få tilgang til underhaldning

Digitale tenester / Fjord kommune

Kom i gang med mobiltelefon

Mobiltelefonen (smarttelefon) kan hjelpe deg med mange oppgåver i kvardagen. Du kan sende meldingar, ta bilete, finne informasjon på internett, halde kontakt med familie og vener, bruke banken eller bestille bussbillettar. Alt dette kan du gjere frå ein liten skjerm i handa.

Kom i gang med mobiltelefon / Fjord kommune

Kva er svindel?

Svindel er ei form for kriminalitet der nokon med vilje prøver å lure andre for å oppnå eit gode eller fordel som ikkje er deira. Ofte er målet å stele pengar, men svindlarar kan også prøve å få tak i personopplysningar eller annan informasjon som dei kan misbruke.

Sjølvforsvar mot svindel / Fjord kommune

Unngå at informasjon kjem i feil 

Lær gode grep for å verne personleg informasjon. Kvifor er det viktig med sterke passaord, kva er hacking, korleis kan enkle rutinar gjere det vanskelegare for andre å få tilgang til kontoane og dei personlege opplysningane dine.

Unngå at informasjon kjem i feil hender / Fjord kommune