Brannsamarbeid

Brannsamarbeid

Bilde av tilsette innan brann og redningsvesen i Fjord og Stranda - Klikk for stort bileteF.v. Eirin, Malin, Inge, Oddbjørn, Stig og LillianKommunane Fjord og Stranda har inngått eit samarbeid innan brann- og redningsvesen som no tel seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar.

Samarbeidet inneber koordinering av innsats innan førebyggande arbeid og beredskap. Gruppa som har sine hovudstillingar i brann- og redningsvesenet er fordelt slik:

Leiing

  • Brannsjef Inge Teigen (leiar førebyggande avdeling)
  • Brannmester Stig Tore Rennemo (varabrannsjef og leiar beredskapsavdeling)

Forebyggande avdeling

  • Brannførebyggar Lillian Aasheim
  • Brannførebyggar Malin Pålsson
  • Brannførebyggar Eirin Slåttelid Solvang
  • Branninspektør Oddbjørn Nilsen

Beredskapsavdeling

  • Brannmester Stig Tore Rennemo
  • Utrykningsleiarar, stasjonsansvarlege og brannkonstablar/mannskap med deltidsstillingar tilsett ved dei seks brannstasjonane i Stordal, Valldal, Eidsdal, Geiranger, Hellesylt og Stranda. Dette forblir slik som det er i dag.

Innan førebygging så handterer vi alt frå feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustadar og fritidsbustadar, tilsyn ved større verksemder, tilsyn med farleg stoff til førebyggande aktivitetar, kampanjar og anna.

Innan beredskap er fokuset å behalde og utvikle kompetanse, avvikle øvingar og ferdigheitstrening samt teste brannkonstablane innan fysisk og mental kapasitet.

Kommunane Fjord og Stranda har klare krav og forventningar til gruppa, som igjen utgjer vårt mål for arbeidet. Vi skal behalde og forbedre det førebyggande arbeidet samt oppretthalde ein god beredskap for å ivareta liv, helse, miljø og materielle verdiar. Brann- og redningsvesenet har etter kvart blir ein svært viktig leverandør av generell sikkerheit i bygdelaga. og ein nødvendig ressurs i beredskapssamanheng.