Arbeid med næringsplan

Fjord kommune skal prioritere næringsutvikling høgt, det har dei fleste partia tydeleg gitt uttrykk for i valgprogrammet sine. Også på kommunestyret sin work shop og på folkemøtet vi hadde tidlegare i haust, var dette eit tema som gjekk igjen.

No er vi i ferd med utarbeide ein næringsplan for den nye kommunen, og vi har vore så heldige å få god hjelp frå både Distriktsenteret og fylkeskommunen. Saman med Distriktsenteret skal vi no utarbeide ei undersøking som vi skal prøve ut. Håpet vårt er at vi skal få så godt kunnskapsgrunnlag som råd. Vi kjem til å invitere alle næringsdrivande, store og små verksemder, kommunens administrasjon og lokalpolitikarar til å svare på ei undersøking. Desse informantene kan gi oss gode innspel på korleis kommunen kan bidra til god næringsutvikling. Då håper vi på god svarprosent, for det vil hjelpe oss til å få eit godt grunnlag både for kommunens næringsplan og for kommunens tiltaksapparat.

Men først må vi jobbe grundig med å utforme spørreskjemaet. Det driv vi på med no om dagen. Når undersøkinga er klar, skal vi prøve å kunngjere dette så godt vi kan - før vi inviterer folk til å svare. Mange svar er viktig for oss - og for deg som vil at Fjord kommune skal lykkast i å verte ein god næringsutviklingskommune.