Fjord kommune har ledige bustadtomter for sal i fleire etablerte bustadområde.
Tomtene vert selde etter førstemann-til-mølla-prinsippet til ein fast subsidiert pris på kr 50 per m². Den subsidierte prisen gjeld private kjøparar.
Om tomtene
- Tomtene er regulerte til bustadføremål.
- Veg, vatn, avløp og er etablerte fram til tomtegrensa. Kjøparen skal sjølv avklare moglegheiter for bortlegging av infrastruktur for fiber og straum med relevante selskap.
- Storleik og plassering varierer mellom dei ulike områda.
Vilkår for kjøp
- Det gjeld byggeplikt innan 2 år frå overtaking.
- Kjøpar må flytte til kommunen etter at bustaden er ferdigstilt.
- Kjøpar dekkjer omkostningar knytte til eigedomsoverdraginga.
Slik går du fram
1. Sjå oversikt over ledige tomter i det digitale kommunekartet.
2. Send inn søknad om reservasjon via kommunen sitt digitale søknadsskjema.
3. Kommunen behandlar søknaden og tek kontakt for vidare oppfølging.
4. Ved tildeling vert det inngått kjøpsavtale.
5. Når kjøpesummen er innbetalt, syter kommunen for overskjøyting av eigedomen til ny eigar.
Kontakt
Ta kontakt med servicetorget eller plan- og bygningsavdelinga dersom du ønskjer meir informasjon om ledige tomter, vilkår eller søknadsprosessen.
Merk! Reglementet for tildeling av bustad- og næringstomter er under redigering. Kontakt kommunen for fleire detaljar.
Publisert 12.11.2026 08.25
Sist endra 12.11.2026 09.12