Velkomen til Olsok i Valldal 2026
25.–26. juli inviterer vi til ei helg fylt med aktivitetar, tradisjon og gode opplevingar for både store og små.
Gjennom helga blir det mellom anna:
- aktivitetar for born
- kulturinnslag og musikk
- pilegrimsvandring og gudsteneste
- konsert og samling i vakre omgjevnader
Olsok i Valldal er ein del av vegen mot jubileumsåret Valldal 2029 – Olav i folketradisjon, der vi løftar fram historia, segna og tradisjonane som har levd i bygda gjennom generasjonar.