Møt ordføraren
Ordførar Terese Jemtegård Moen inviterer til ein uformell møteplass der det er lett for folk å stikke innom, slå av ein prat og kome med innspel.
Det er difor gjort avtale med dei lokale daglegvarebutikkane om ordninga “ordførar i butikk”.
Ordføraren har også kontordagar på kommunehuset i Stordal.
Elles er alle velkomne til å stikke innom på ordførarkontoret på rådhuset i Valldal.
Stikk innom for ein prat! Vel møtt!
Ordførar og politi i butikk
Du kan møte politikontakt for Fjord kommune, Karl Idar Vik, på “ordførar i butikk” desse stadane:
Måndag 26. januar - Nærbutikken i Norddal
Torsdag 29. januar - Bunnpris, Valldal
Måndag 2. februar - Coop, Stordal