Uventa sjukdom eller ei ulukke kan ramme når som helst. Med ei framtidsfullmakt kan du skape tryggleik for deg sjølv. Har du ikke ei slik framtidsfullmakt kan Statsforvaltaren oppnemne eit verge som tek beslutningar på vegne av deg.
Mental Helse Fjord ønskjer deg velkomen til møte på Stordal frivilligsentral 10. november der advokat Mette Loe vil fortelje om kvifor framtidsfullmakt er viktig, og korleis du kan opprette ei slik fullmakt. Ta gjerne med spørsmål!
Møtet er ope for alle. Vi har litt å bite i. Gratis adgang. Etter orienteringa har vi sosial økt fram til kl. 20:00. Ta gjerne med deg nokon. Velkommen!