På sidelinja i Noreg - bokslepp

Dato

Måndag 9. november 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Fjord bibliotek - Stordal

Last ned kalenderfil (.ics)

Ei varm, morosam og undrande bok om livet i Noreg. Eit modig forsøk på å bli norsk. Presentasjon og sal av boka ved forfattar Gert Rietmann.

Om å høyre til – og likevel stå litt utanfor

På sidelinja i Noreg er ei personleg, varm og humoristisk bok om å finne seg til rette i eit nytt land – og om å oppdage at ein kan høyre heime fleire stader samtidig. Gjennom korte forteljingar møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er. Boka er ei kjærleikserklæring til Noreg – men òg ei påminning om at den som kjem utanfrå, ofte ser det dei som bur her, ikkje lenger legg merke til.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Fjord bibliotek i samarbeid med aktørane

Om staden

Namn

Fjord bibliotek - Stordal