• Hending

Mysteriepakken - festpremiere!

Dato

Fredag 25. september 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 22:00

Stad

Martin Linge-huset i Valldal

Last ned kalenderfil (.ics)

Kvart år, i over 22 år, har ein stor og mystisk julepakke kome til familien Sandnes i Valldal. Avsendaren er ukjend. Det einaste sikre sporet er den same handskrivne helsinga: «Frå alle oss i Arendal.»

MYSTERIEPAKKEN kjem heim, festpremiere i Valldal

I 22 år har mysteriet gått føre seg i Valldal. Her har pakkane blitt opna, teoriane blitt diskuterte, lokale folk har blitt mistenkte. Og ikkje minst er filmen hovudsakleg spelt inn her, med mange kjende Valldal-fjes og lokale heltar både framfor og rundt kamera.

17.30: Dørene opnar og raud løpar (med boblar i glaset)
18.00: Premiere på Mysteriepakken
19.30: Fest og feiring (med fingermat)

Kjøp billettar på førehand hos Mysteriepakken | Bygdekinoen

NB! Det er avgrensa med plassar i salen, men det blir truleg ekstra plassar om det blir fullt.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygdekinoen / Fjord kommune

Om staden

Namn

Martin Linge-huset i Valldal

Om arrangementet