Kommunen har sett i gang eit arbeid med eit mulegheitsstudie for bygdesentra i Eidsdal og Stordal. Eit mulegheitsstudie er ei enkel utgreiing som ser på kva moglegheiter som finst for vidare utvikling av sentrum. Målet er å få fram gode idear og realistiske løysingar for korleis sentrumsområda kan bli meir levande, trivelege og funksjonelle i åra framover.
Kom og treff arkitektkontoret Pir2 som arbeider med mulegheitsstudiet på oppdrag frå kommunen - her få du informasjon og kan kome med innspel.