• Hending

Korpsfest-i-Valldal

Dato

Fredag 12. juni 2026

Tidspunkt

kl. 17:00 - 21:00

Stad

Valldal og Tafjord

Valldal skulekorps fyller bygda med 621 musikkglade barn og ungdommar frå 19 korps som kjem til Korpsfstivalldal 12.-14. juni

Populære aktivitetar

Det kan fort bli full fres for korpsmusikantane skal jo ikkje berre drive med musikk, men dei skal ned i vatnet og opp i trea også, med besøk i Tafjord friluftsbad og Valldal aktivitetspark. Dette var svært populære aktivitetar då Valldal skulekorps arrangerte stemne i 2023. Flesteparten av korpsa som er påmelde, kjem frå Møre og Romsdal og «området rundt», men i år hadde vi venteliste og måtte desverre seie nei til nokre. Veldig kjekt at stemnet vårt er blitt så populært! 

Desse korpsa kjem

Korpsa som kjem er: Hasund, Dimnøy, Bud, Hornindal, Ørskog, Vatne, Tennfjord, Emblem, Stranda, Nordfjordeid/Hjelle, Bigset, Volda, Stordal, Rørstadmarka, Solevåg, Søvik/Gamlem, Vigra - Valderøy, Jøleik, Ringsaker/Moelv og Brundalen/Charlottenlund. Valldal skulekorps er arrangør og deltek sjølvsagt sjølve også. 

Mykje liv og røre

I løpet av helga blir det musikalske vennetreff på Syltetorget i Valldal sentrum, det blir oppmarsj og musikkfest og liv og leven både på Syltetorget og i Martin Linge-huset. Korpsfestivalen kjem til å setje området vårt på hovudet denne helga. 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Valldal skulekorps

Om staden

Namn

Valldal og Tafjord

Om arrangementet