Mange har kanskje sett aktivitet på fjorden knytt til det nedsenkbare oppdrettsanlegget Havliljen. På møtet vil vi fortelje meir om kva dette er, korleis anlegget fungerer, og kva som skjer vidare framover.
Vi vil også gi ei oppdatering på arbeidet vårt med lukka oppdrett i sjø, og dele status for dagens drift og aktivitet i fjorden. Hofseth ønskjer å liggje i front innan teknologi og berekraft i sjømatnæringa. Samtidig ønskjer vi å vere opne om utviklinga som skjer og høyre innspel frå lokalsamfunnet.
Det blir enkel servering. Vi håper du vil delta i samtalen om utviklinga i Storfjorden
Vel møtt!