Møt ordføraren
Ordførar Terese Jemtegård Moen inviterer til ein uformell møteplass der det er lett for folk å stikke innom, slå av ein prat og kome med innspel.
Det er difor gjort avtale med dei lokale daglegvarebutikkane om ordninga “ordførar i butikk”.
Ordføraren har også kontordagar på kommunehuset i Stordal.
Elles er alle velkomne til å stikke innom på ordførarkontoret på rådhuset i Valldal.
Stikk innom for ein prat! Vel møtt!
Politiet og Fjord frivilligsentralar blir også til stades på nokre av stadane.
Ordførar i butikk mai 2026
Måndag 4. mai: Nærbutikken Norddal
Fredag 8. mai: Joker Stordal
Måndag 11. mai: Alf Tafjord Landhandel
Onsdag 13. mai: Coop Marked Eidsdal
Måndag 18. mai: Spar Valldal