Fjord kommune er ein av over 70 kommunar og frivilligsentralar over heile landet som skal arrangere Generasjonsleikane i 2026, i samarbeid med Senteret for et aldersvennlig Norge. Leikane vil bli arrangert på Kirkebø stadion i Stordal, laurdag 30. mai kl 12:00-14:00.
For første gong i Fjord
Det er første gong desse leikane blir arrangert i Fjord, og kommunen har mellom anna fått Stordal IL med til gjennomføringa. Om det er fleire lag og organisasjonar som vil delta i gjennomføringa, ta kontakt med Fjord frivilligsentralar innan 1. mai.
Alle kan vere med!
Aktivitetane vil vere tilrettelagde slik at alle kan vere med, uansett fysiske føresetnader, så her kan både liten og stor delta side om side. Det er gratis å vere med!
På tvers av generasjonar
Generasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. Om dette blir vellukka kan det bli arrangert også neste år - kanskje i ei anna bygd!
Etter Generasjonsleikane vil det bli Bygdemiddag i Stordalshallen kl 14:00, der alle er velkomne!