Eli Kristin Hanssveen er Norges største diva!
Ho blei for alvor kjent for folk etter deltaking i Stjernekamp for nokre år sidan, men ho syng til dagleg på Den Norske Opera. Eli Kristin si stemme er heilt unik! Ho kan like gjerne framstå som ein forførande popsongar som ein grandios operasongar! Ho er det vi kan kalle ein artist med absolutt wow-faktor! Eli Kristin har vore tilsett ved Operaen sidan 2007 og har hatt mange av dei store rollane der. Ho er ein av våre aller beste vokalistar, og ho beherskar mange sjangrar, noko ho også viste til fulle i NRK sin Stjernekamp. Sommaren 2024 var ho med i showet ?Sommerslagere på Gjøvik?, og der slo ho publikum i bakken med sine fantastiske framføringar av blant anna Wuthering Heights, The Prayer, Dancing Queen og ikke minst Barcelona.
Eli Kristin si allsidigheit gjer at ho passar i dei fleste samanhengar - frå intimkonsertar til storslåtte gallaer. Ho imponerer voldsomt uansett - med sitt musikalske talent, si allsidigheit, sin briljans og unike sceneutstråling. Med andre ord; ho passar perfekt i Rosekyrkja!
Sjå meir på Facebook-sidene våre. Billetter kr. 400,- på Vipps #911184