• Hending

Konsert med Silje Nergaard og Ole Jørn Myklebust på Eidsdalsrøre

Dato

Fredag 22. mai 2026

Tidspunkt

kl. 20:00 - 22:00

Stad

Røde Kors-huset, Eidsdal

Silje og gitaristane har sidan 2010 turnert verda rundt og hausta fantastisk respons. Når trioen i tillegg får med seg Ole Jørn på scena ligg det til rette for ei unik oppleving. Dei inviterer publikum til ei nær, intim og leiken konsertoppleving. Dei leikar med det heilt stillferdige og vakre til jazzete sving. Dette er berre å glede seg til!

På sitt nye album Tomorrow We`ll Figure Out the Rest har Silje komponert ei samling melodiske låtar inspirert av klassiske jazz-standards. Songar om livet og kjærleiken er universelle tema som vi alle kan relatere oss til. I tillegg til låtar frå det nye albumet syng Silje sine kjende og vakre klassikarar, som Be Still My Heart, Dance Me Love og Lullaby to Erle. Songar som har funne ein heilt spesiell plass i liva til lyttarane hennar over heile verda. 

Silje Nergaard, vokal -  Ole Jørn Myklebust, trompet - Hallgrim Bratberg, gitar -  Håvar Bendiksen, gitar 

Konserten er ein del av vårens høgdepunkt: Eidsdalsrøre! Festivalen som inneheld det meste: kultur, handverk, traktorar, mini-dyrehage, konsertar, konkurransar, god mat og ikkje minst gode møte med gamle og nye venner. Festivalen varer i smått og stort frå 21.-26.mai 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Eidsdalsrøre/Tindrande Eidsdal

Om staden

Namn

Røde Kors-huset, Eidsdal

Om arrangementet